Saman tek vi vare på ressursane

Slik tek du knekken på matsvinnet

23. september 2020 av Andrea Øien Sæverud

Å kaste mindre mat er noko av det beste du kan gjere for miljøet. Samtidig sparer du pengar. 

Kvar dag får vi inn tonnevis av fylte, grøne posar frå renovasjonsbilane våre. Det er strålande at folk er flinke til å sortere ut matavfallet sitt. Epleskrotten og kaffigruten din kan då få nytt liv som biogass, gjødsel og jord. Samtidig har dei fleste av oss litt å gå på for å bli flinkare til å ikkje kaste mat som eigentleg kunne vore eten.

I august i år kom det inn til saman 128 tonn matavfall frå Hareid, Herøy, Sande og Ulstein til oss i SSR.

 

Julemat og heimekontor gir utslag

Rekordmånaden til no i år er januar, då det kom inn 204 tonn matavfall. Januar er tradisjonelt ein månad med mykje avfall på grunn av etterdønningar etter julefeiringa.

På andreplass ligg april med 193 tonn matavfall. April var ein månad då folk var ekstra mykje heime på grunn av korona-pandemien, og det resulterte i meir avfall i dei grøne posane. Månaden med minst matavfall til no i år er juli med 114 tonn.

matavfall

 

Her er nokre av våre beste tips for å minke matavfallet:

 

  • Rydd kjøleskapet! Då unngår du å oppdage ein tre dagar for gammal kjøtdeigpakke som har lurt seg vekk. 
  • Slappe grønsaker som du ikkje får brukt dei neste dagane? Kutt opp i småbitar og frys ned - då har du enkel tilgang på ingrediensar til neste suppemiddag eller smoothie.
  • Sjølv om ei matvare har gått ut på dato, kan den likevel vere fullt brukande. Sjå, lukt og smak. Av ein uopna rømmeboks og egg som var best før for ti dagar, sidan kan du lage nydelege vafler. 
  • Planlegg middagane og innkjøpa dine. Det er fort gjort å bli frista til å kjøpe noko som berre blir liggande til det er gått ut på dato om du ikkje har ein plan. 
  • Gjer det til ein vane å ha ein fast dag i veka der du utfordrar deg sjølv til å lage middag av det du allereie har i kjøleskapet. 
  • Blir middagsrestane liggande lenge i kjøleskapet før du kapitulerer og kastar dei? Ta dei heller med til lunsj dagen etterpå eller frys ned med ein gong.
  • Bruk datodiskane i dei lokale matbutikkane.
  • Har du Instagram? Følg @Spisoppmaten for gode og konkrete tips for å utnytte restar og kutte matsvinn i kvardagen.  

 

Takk for at du et opp maten din!

Då blir det mindre avfall og mindre sløsing med ressursar.