Saman tek vi vare på ressursane

Greinplassen opnar for sesongen

9. april 2019 av Andrea Øien Sæverud

Måndag 15. april opnar greinplassen på Eidet igjen. Jon-Arild Vatne i SSR gler seg til å ta imot ivrige hageryddarar.

- Det kjem veldig mange hyggelege folk hit. På dagtid er det gjerne pensjonistar med god tid, godt humør og mykje arbeidslyst, fortel han.

Greinplassen held ope mellom 12.00 og 19.30 måndag til torsdag, fredagane er opningstida 08.00 til 15.00. Utover ettermiddagen kjem dei som har vore på jobb, og då er det stort sett ein jamn pågang heilt fram til porten stenger.

Når greinplassen opnar no måndag i påskeveka, vil mange truleg nytte palmehelga til å innvie hagearbeidsesongen. Onsdag 17/4 blir opningstida endra til 7.30 til 12.00, på grunn av inngangen til påskehøgtida.

Inneklemt rushfredag

I 2018 leverte innbyggjarane i Hareid og Ulstein i snitt 55 kilo hageavfall kvar. På det meste har det vore 11 bilar på greinplassen på ein gong. Det var på ein solfylt, inneklemt fredag i mai i fjor. For at greinplassen skal fungere på ein god måte, meiner Vatne det er heilt nødvendig med rettleiing.

- Mange hiv frå seg der dei står, utan å tenke på at det kjem andre etter dei som også treng plass til å snu bilen. Hadde det ikkje vore ein person som passa på, hadde systemet kollapsa. Det er veldig kort veg frå orden til kaos, og vi er avhengige av at folk hiv frå seg på ein fornuftig plass, forklarer han.

Du er altså velkomen til å levere frå deg hageavfallet på Eidet frå og med måndag 15/4.

Dersom du treng å levere frå deg hageavfall før den dagen, eller før greinplassen opnar kl.12, kan du levere hageavfallet på miljøstasjonen i Saunesmarka. 

Jon-Arild Vatne2