Saman tek vi vare på ressursane

No kan du melde deg på kompostkurs

11. februar 2019 av Andrea Øien Sæverud

Korleis lagar du di eiga superjord av matavfall?

Stor interesse gjer at vi no køyrer  i gang med nye kompostkurs.

Dersom du melde di interesse for kompostkurs allereie i haust, skal du ha fått invitasjon til det første kurset torsdag 14. februar på e-post.

Dette kurset er fullbooka, men vi set opp eit nytt kurs når vi får nok nye folk som ønskjer å vere med.

Ta kontakt på firmapost@reinhaldsverket.no dersom du ønskjer å stå på venteliste.