Saman tek vi vare på ressursane

Dobbelknuten du ikkje bør gløyme

nov 8, 2018, 11:32 by Andrea Øien Sæverud

Hugs å knyte ein dobbel knute på sekken med plastemballasje. Viss sekken ikkje er godt knytt saman, vil plasten blande seg med papp og papir i renovasjonsbilen.

Når bilen leverer dagens fangst på anlegget i Saunesmarka, blir plastsekkane sorterte ut frå pappen og papiret.

Med godt knytte sekkar, unngår vi at plasten blandar seg inn der han ikkje skal vere. På bildet under ser vi plastemballasje som har fått litt vel frie tøylar på grunn av dårleg knyting.

Takk for hjelpa!

plast i papir