Saman tek vi vare på ressursane

Kompostkurs

okt 15, 2018, 15:54 by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Visste du at vi i Noreg kvart år kastar 300.000 tonn med mat?

Du som SSR-abonnent får sjansen til å gjere noko med det no når matavfallsdunken blir innført. For deg som allereie komposterer og ikkje ønskjer å ha matavfallsdunken, tilbyr vi ein kurskveld med nyttig info. Onsdag 17. oktober kjem Nils Roar Hareide frå Runde Miljøsenter for å gi oss ei god innføring og tips om kompostering.

Kurset vert halde i lokala til SSR i Saunesmarka og startar kl.18.00. Opplegget er gratis og vil vare i ca. to timar. Enkel servering av kaffi, kjeks og frukt.

Dette kurset er diverre fullbooka, men dette er elles ikkje din siste sjanse til å bli knallgod på kompost. SSR vil tilby fleire kurs seinare i haust, meld di interesse til oss på e-post på firmapost@reinhaldsverket.no allereie no så sett vi deg på venteliste for neste kurs. Vi tek då kontakt med deg når det nærmar seg neste kurs med informasjon om dato og klokkeslett slik at du då kan vurdere om du kan delta.