Saman tek vi vare på ressursane

Miljøbarnehagen

jun 19, 2018, 13:42 by Linn Urke Osnes

Kjeldesortering, kompostering og berekraft i Blåtinden barnehage

 

Dei siste åra har Blåtinden barnehage hatt større og større fokus på berekraftig utvikling og gjenvinning. Dei ser nytta i at barn lærer dette frå ung alder, og dette er viktigare no enn nokon gong. Barn må lære seg kvar maten vår kjem frå, at matavfall kan brukast på fleire måtar og at mykje av avfallet kan resirkulerast, seier Linn Gulbrandsøy i Blåtinden barnehage.

I 2017 starta dei med Bokashi-kompostering og sidan då har dei ikkje kasta matavfall i restavfallet i det heile. Matavfallet vårt går også til hønene og vaktlane i barnehagen, samt grisane til ein av dei tilsette. I vinter har dei hatt jordfabrikk innandørs, slik ein har moglegheit til når ein nyttar bokashi-kompostering. Den næringsrike kompostjorda har kome godt til nytte i kjøkenhagen og drivhuset til barnehagen, der over 30 ulike grønsaker er dyrka og nytt godt av i matlaginga.  

På avdelingane er avfallsbøttene merka slik at borna skal kunne sortere avfallet sjølve. Ved personalinngangen har vi ein ”miljøstasjon” med bokashibøtter, jordfabrikk og bøtter til sortering av avfall som skal til resirkulering. Ungane tek del i dette arbeidet saman med ein vaksen, men miljøstasjonen ligg ved personalområdet, skjerma frå avdelingane pga sikkerheita. Ein slik miljøstasjon, samt kompostering i barnehagen har for oss fungert veldig bra, og vi meiner dette absolutt let seg gjere på andre arbeidsplassar og i andre barnehagar, tilføyer Linn.

 

 

Kjeldesortering

Kjeldesortering 2DrivhusKjeldesorteringBokashi og miljøstasjonMiljøstasjonKjeldesorteringKjøkenhage