Saman tek vi vare på ressursane

Vi søkjer kommunikasjonsansvarleg 100% stilling

apr 16, 2018, 13:38 by Linn Urke Osnes

KOMMUNIKASJONSANSVARLEG

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Herøy, Ulstein, Hareid og Sande. I desse kommunane bor det vel 25.000 innbyggarar.SSR vart etablert i 1980 og hovudkontoret ligg i Ulsteinvik. SSR arbeider med miljø, med spesielt fokus på innsamling og gjenvinning av hushaldningsavfall og avfall frå næring. Kommunikasjon og informasjon ein viktig del av kjerneverksemda og blir tillagt stor vekt.

Oppgåver/ansvarsområde:

- Totalansvar for ekstern kommunikasjon
- Miljøkommunikasjon i barnehagar, på skular, og til andre interesserte grupper, lag og organisasjonar.
- Rådgjeving og sakshandsaming innanfor miljø og kommunikasjon
- Ein del av stillinga vil også omfatte arbeid med næringskundar
- Viktig del av bedrifta si leiargruppeDet kan, avhengig av erfaring og bakgrunn hos aktuelle kandidatar, også vere aktuelt å tilby andre relevante arbeidsoppgåver i selskapet.

Kvalifikasjonar:

- Høgskuleutdanning
- Erfaring med og interesse for kommunikasjonsarbeid
- Genuin interesse for miljøarbeid og framtida
- Dokumenterbar god muntleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode og dokumenterbare pedagogiske evner
- God IT-forståing og erfaring i bruk av data som verktøy
- Interesse og forståing for det selskapet arbeider med
- Erfaring med å arbeide både kortsiktig og langsiktig

Det vil også bli lagt vekt på:

- Gode samarbeidsevner samt evne til å arbeide sjølvstendig
- Kommunikative evner og servicevilje
- Analytisk evne, god talforståing, strukturert arbeidsmåte og fleksibilitet
- Godt humør og inkluderande haldning
- Eventuell erfaring frå bransjen eller nærliggande område

For stillinga gjeld vanlege arbeids- og tilsetjingsvilkår, inkl. god pensjonsordning. Lønn etter avtale.
Vi kan også tilby mange interessante utfordringar i ein hektisk kvardag i spenningsfeltet mellom offentleg og privat verksemd, samt eit godt arbeidsmiljø.

Meir opplysningar kan ein få med dagleg leiar
Einar Heimdal på telefon 70 00 70 50 / 91 68 90 15 eller kommunikasjonsansvarleg Linn Urke Osnes på telefon 70 00 70 50 / 47 38 60 97.

Søknad med cv kan sendast på e-post til
einar@reinhaldsverket.no.
Søknadsfrist: 4. mai 2018
i 100% stilling
firmapost@reinhaldsverket.no Tlf: 70 00 70 50 reinhaldsverket.no