Saman tek vi vare på ressursane

Offisiell opning av Myklebustmyrane miljøstasjon!

23. november 2017 av Linn Urke Osnes

I dag, torsdag 23. november, var det offisiell opning av den nye miljøstasjonen i Myklebustmyrane i Sande kommune!

Ordførar i Sande kommune, Dag Vaagen, stod for snorklipping i samarbeid med born frå Gjerdsvika barnehage. Flinke born frå Gjerdsvika barnehage sang til dei inviterte gjestane frå kommunen, naboselskap, styremedlemar og representantskapsmedlemar og utbyggjarar.

Miljøstasjonen opnar for publikm tysdag 28. november, og er open kvar tysdag og torsdag klokka 1400-1900.

Velkomen!