Saman tek vi vare på ressursane

Kasserte fritidsbåtar

okt 3, 2017, 11:45 by Linn Urke Osnes

Fritidsbåtar under 15 fot (4,57 meter) kan du no levere kostnadsfritt til miljøstasjonane i Saunesmarka og på Mjølstadneset. Kajakkar og kanoar er også inkludert i ordninga.

Båtane skal ikkje innehalde innanbords motor. Vindskjerm er greitt og påhengsmotor kan takast av og leverast som metall dersom olje og drivstoff er tappa av. Båten skal vere leveringsklar når den kjem til SSR.

Kunden kan søkje refusjon på kr 1000,- til Miljødirektoratet. Kunden må sjølv fylle ut skjema og sende dette til Miljødirektoratet. Skjema kan du få i vekta på miljøstasjonen eller printe ut frå Miljødirektoratet sine heimesider. Vektoperatør skal skrive under på skjema og får kopi som kunden sender inn til Miljødirektoratet for å få refusjonen på kr 1000.

SSR har ikkje konsesjon på å ta inn båtar over 4,57 meter. Kunden må i slike tilfelle kontakte Viking Gjenvinning på post@viking-gjenvinning.no. Dei tek imot båtar opp til 49,21 fot eller 3 tonn. Kunden får refusjon opp til denne størrelsen.

For "herrelause" båtar som ikkje har eigar får den som leverer inn båten ikkje refusjon, men kan levere gratis til SSR (Gjeld båtar under 15 fot). Den som leverer fyller inn strandryddeskjema då dette går som strandryddeavfall.