Saman tek vi vare på ressursane

I dag opnar vi nybygg i Saunesmarka!

11. september 2017 av Linn Urke Osnes

I dag, måndag 11. september opnar vi nybbygga i Saunesmarka. Her blir det både nytt administrasjons- og velferdsbygg og ny miljøstasjon for kundane.

Vi er både stolte og glade for å endelig flytte inn i nye bygg. Det betyr mykje både for dei tilsette i verksemda og for besøkjande kundar. Vi gler oss til å ta imot kundar i dei nye fasilitetane, og trur og håper den nye miljøstasjonen vil freiste enda fleire til å besøkje oss!

Det er også svært kjekt at det berre er lokale entreprenørar som har vore med å byggje nybygga, Conplan med byggjeleiing og prosjektansvar, Rise Bygg med bygg, Tussa Installasjon med elektro, Rørservice med VVS, Nordvest Miljø med ventilasjon og Klar Energy med solcellepanel. Nybygga opnar til tidsplanen og er begge ferdigstilt etter budsjett.

Miljøstasjonen er bygd for framtida og for å kunne romme sortering av mange typar avfall. Nytt er også at vi opnar eit gjenbrukstorg for å hindre at fine brukande ting blir kasta. Kunden kan sjølv velje om ein vil levere til gjenbrukstorget eller kaste. Det er same pris for å levere til gjenbrukstorget som når ein kastar avfall elles, men det er gratis for kundar å plukke med seg det ein ønskjer. Vi ønskjer ikkje vere ein konkurrent til gjenbruksbutikkane så dei får høve til å plukke ut godbitar før opningstid om dei ønskjer.

Vi har elles hatt fokus på å legge til rette for barnehagar, skular og andre grupper som ønskjer å besøkje oss og lære meir om avfallshandtering og miljø. Vi har gode fasilitetar i eige besøksrom med plass til 35 personar der vi tilbyr gode miljøopplegg i tilknyting til omvising.

Ofisiell opning og markering blir fyrst 29. september.

Utbyggjarane

På foto frå venstre:

Einar Heimdal (SSR), André Leikanger (Rørservice), Endre Skeide (Rise Bygg), Børre Brandal (Tussa Installasjon), Idar Moldskred (Conplan), Lars Petter Moldskred (Nordvest Miljø), Rune Tarberg (SSR).