Saman tek vi vare på ressursane

Bli med på Lokkeriet!

aug 23, 2017, 08:57 by Linn Urke Osnes

All glas- og metallemballasje har ein verdi! Og no kan til og med glas- og metallemballasje bli til verdifulle lodd i gjenvinningslotteriet Lokkeriet. Det einaste ein treng å gjere, er å skrive telefonnummeret sitt på lok som blir levert til gjenvinning.

Syklus, som har ansvar for gjenvinning av glas- og metallemballasje i Noreg, trekkjer ut vinnarar fortløpande på sitt anlegg i Fredrikstad. Desse får sjølvsagt  premiar laga av resirkulert glas. Dei unike Noregsglasa og lampane blir laga på Hadelands Glassverk, og ein av vinnarane får ein draumedag nettopp her. I tillegg inneheld Noregsglasa gamle taco- og syltetøyglas! Santa Maria bidreg også med premie til alle som gjenvinner tacoglas og andre glas, nemleg tacomiddagar for eit heilt år!