Saman tek vi vare på ressursane

Teikna eit dystert bilete av plasforsøpling i havet

25. januar 2017 av Linn Urke Osnes

Laurdag 14. januar opna ei flott og lærerik utstilling på Runde MiljøsenterHavforskar Geir Wing Gabrielsen, som er seksjonsleiar på området miljøgifter ved Norsk Polarinstitutt, teikna eit dystert bilete, då han laurdag opna ei utstilling om plastforsøpling i havet på Runde Miljøsenter. Men han såg også håp.

I dag resirkulerer vi berre 14 prosent av all plasten, og mykje av den plasten som vi ikkje klarer å resirkulere, hamnar i havet.

Kvifor appelsinbåtar i plast? Slik han ser det, vert altfor mange matvarer emballerte i plast.

- Eg har til og med registrert appelsinbåtar som vert pakka inn i plast, fortalde han - rista på hovudet og gjorde det klårt at appelsinskalet nok er den beste emballasjen for nettopp appelsinar.

Han la til at vi ikkje skal lenger enn til nabolandet Sverige, før ein mykje mindre del av matvarene vert emballerte i plast enn her heime i Norge. Overforbruk av plastemballasje meinte han er ein del av problemet.

Store plast-øyar. Konsekvensane av all plasten på avvegar er dramatiske. Rundt om i verdshava finst det store «øyar» med plast som flyt – noko som syner at plastforsøplinga har kome fullstendig ut av kontroll berre i løpet av dei få åra som har gått sidan rundt 1950 då vi tok til å produsere plastprodukt av olje.

Størst av «øyane» med plast, er «Great Pacific Garbage Patch» i Stillehavet, som kan vere så stort som 1,4 millionar kvadratmeter i utstrekning. Det tilsvarar eit landområde tre gonger større enn Spania og Portugal til saman. Nøyaktig kor stor denne «øya» er, er ikkje endeleg fastsett.

I dag kjenner vi til fem slike «øyar» med plastavfall som vert danna på grunn av straumvirvlar – i Nord-Atlanterhavet, i Sør-Atlanterhavet, i Nord-Stillehavet, i Sør-Stillehavet og i Det indiske hav.

Fryktar plastøy i Barentshavet. Men forskarar fryktar at det også kan danne seg ein slik straumvirvel i Barentshavet om 30-40 år, dersom menneskeleg aktivitet gjer at endå meir plastavfall hamnar i sjø og hav.

Geir Wing Gabrielsen kunne fortelje om urovekkjande store mengder små plastbitar i magen til fuglar som havhest og albatross, og likedan i magen på torsk.

Og som følgje av at stadig fleire dyr, fiskar og fuglar et små plastbitar, er det grunn til å frykte at miljøgifter etter kvart går inn i næringskjeda.

Forvekslar. Spesielt utsett når det gjeld å forveksle plastbitar med mat, er havhest og albatross. Begge hentar næringa på havoverflata. Det er grunn til å tru at dei forvekslar plastpartiklane med mat, sidan forma på partiklane liknar på deira naturlege bytte.

- Berre fire av 40 havhestar hadde ikkje plastbitar i magen. Det viser våre siste undersøkingar gjort på Svalbard, fortalde Geir Wing Gabrielsen.

På store havdjup. Han har drive forsking på Svalbard i 35 år, og kunne fortelje at plastavfall også er å finne på store havdjup, som i  Framstredet mellom Svalbard og Grønland med djupner på over 3.000 meter.

- Dette er eit aukande problem. Frå 2008 og fram til i dag, har vi registrert aukande mengder i dette havområdet, sa han.

Geir Wing Gabrielsen fortalde også at plastbitar festar seg på korallrev.

Lang tid å bryte ned. Han minte forsamlinga på at det tek så lenge som 450 år å bryte ned ei plastflaske. Og når det av og til vert framstilt slik at det i dag finst miljøvennleg plast som kan brytast ned etter få år, så er ikkje problemet løyst, slik han ser det.

- Då får vi mikroplast, som er plastbitar mindre enn fem millimeter. Og det er slike partiklar dyr, fisk og fuglar forvekslar med mat og tek til seg som føde, forklarte han.

Lyspunkt. Geir Wing Gabrielsen såg også lyspunkt. Eitt av dei er ordninga som har fått namnet Fishing for litter, og som går ut på at avfall som vert teke opp av havet kan leverast gratis til nokre hamner, mellom anna i Ålesund.

Dette er for ein stor del garn, tauverk og anna avfall som stammar frå fiskeriaktivitet. Og han opplyste at heile 80 prosent av plastavfallet som ein finn på strendene på Svalbard, har hamna der som følgje av fiskeriaktivitet.

- Fishing for litter er ei god ordning, og ein kjempefin start, seier Geir Wing Gabrielsen som også nemnde strandryddedagen kvar vår i regi av Hold Norge Rent som eit svært godt tiltak, som både fører til opprydding og endra haldningar.

Han avslutta foredraget sitt med denne spissformuleringa:

- Ikkje drit i eige matfat!