Saman tek vi vare på ressursane

Nye retningslinjer for grein- og hageavfall

6. januar 2017 av Linn Urke Osnes

Frå 1. januar 2017 er det nye retningslinjer for grein- og hageavfall.

Mengder inntil 250 kilo er definert som hushaldning og er kostnadsfritt (sortert gras, blad, greiner og stammar inntil 25 cm i diameter). Leveranse over 250 kilo per lass er rekna som næring og kostar kr 1,13 per kilo inkl. mva. overskytande.

Kunden betaler då kilopris for kilo som passerer 250 kg.

Greiner og trestammar over 25 cm i diameter, røter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kr 1,13 per kilo inkl. mva. frå fyrste kilo. Næring kan ikkje levere røter og gråmasse. Vi ber næringkundar ta kontakt med ein entreprenør som kan ta hand om denne type avfall.

Du kan levere hageavfall på miljøstasjonen på Mjølstadneset (Herøy) og på greinavfallsplassen på Eidet (Hareid og Ulstein). Når greinplassen på Eidet er vinterstengd, kan du levere hageavfall på miljøstasjonen i Saunesmarka.

NB: Når greinplassen på Eidet er vinterstengd, ber vi næringsaktørar ta kontakt med oss i forkant ved levering av store lass slik vi kan avtale leveringa og opne porten på Eidet.

Sande kommune vil få grein- og hageavfallsplass hausten 2017.

Sjå her for oversikt over miljøstasjonane og opningstider.