Saman tek vi vare på ressursane

Heimelaga leikekjøken av gamle møblar

7. november 2016 av Linn Urke Osnes

Julegåvehandelen kan raskt bli ein stor utgiftspost i tida fram mot jul. Kvifor ikkje prøve å lage heimelaga julegåver av gjenbruksmateriale?

Annelise Kleppe frå Herøy har laga eit kjempeflott leikekjøken til sonen sin, og viser at heimelaga kan bli mykje flottare enn det ein finn ferdig i butikken!

Ta utgangspunkt i eit passande bruktmøbel (telefonbenk, kommode eller liknande) og bruk måling, kar, kraner, stoff, knottar, krokar, tusj og lim for å skape ditt draumekjøken til borna. Finn gjerne inspirasjon i Annelise sitt flotte eksemplar, eller i eit av dei andre eksempla under.

leikekjøken
Foto: idaogprinsessa.blogg.no

Sjå framgangsmåte her.

Før
Foto: upcycleus.blogspot.no

kitchen2
Foto: upcycleus.blogspot.no

 

Eller kanskje ein arbeidsbenk passar betre?

workbench
Foto: upcycleus.blogspot.no