Saman tek vi vare på ressursane

Herremåltid av restemat

19. september 2016 av Linn Urke Osnes

Visste du at det er mogleg å lage festmat av restar og annan mat du elles ville kasta? Supekokk Espen Vesterdal Larsen viser deg korleis.

Meieriprodukt som har gått ut på dato, gamle egg og slappe grønsaker kan brukast til meir enn du trur. Kokk Espen Vesterdal Larsen lagar gourmetmiddagar av det andre kastar.

– Det er viktig å ta i bruk sanseapparatet. Ein må lukte, føle, kjenne og sjå, seier Larsen.

Held i månadsvis

Espen Vesterdal Larsen
Foto: NRK

 

På oppdrag frå Forbrukerinspektørene har Larsen komponert ein firerettars meny basert på middagsrestar frå redaksjonens kjøleskap og matvarer som er gått ut på dato.

– Syrna mjølk som kefir kan brukast fleire veker over tid. Egg er gode langt over anbefalt dato. Oppkutta grønsaker held fint 4–5 dager i kjøleskap, og ris, pasta og poteter kan stå i ei veke, fortel han og minner om at middagsrestar må settast raskt inn i kjøleskapet for å ikkje bli dårlege.

 I oppskriftene under nyttar Larsen utgåtte meieriprodukt i både smoothie, suppe og dessert.

– Du må stole mer på di eiga dømmekraft og luktesans enn datomerkinga på pakken, sier den tidligare landslagskokken.

Styr unna dette

Sjølv om det er mange matvarer som trygt kan brukast etter stemplingsdatoen, er det nokre typer utgått mat Larsen er meir skeptisk til.

– Luktar det dårleg går det rett i søpla. Ver forsiktig med kylling, fisk, skalldyr og rå kjøttprodukt med bein som har gått ut på dato, advarer Larsen.

Som kokk har han ein regel han alltid følger:

– Ikkje servere til andre det du ikkje vil spise sjølv.

Larsens meny med oppskrifter på restemat for FBI

(Alle oppskrifter er til 4 personar)

Smoothie

4 stk. små beger med utgått blåbæryoghurt
Juicen av ein halv sitron
1 stk. brun banan
100 g utgått matyoghurt
3 dl isbitar

Køyr alt i blender, og server iskaldt.

Spicy gulrotsuppe med kylling og krutongar

 suppe
Foto: Kent Amar Eriksen/NRK

 

Matyoghurt og fløte kan nyttast i matlaging etter det har gått ut på dato. Denne suppa er eit eksempel på det.

  • Suppa

3 stk. skrella gulrøter
1/3 stk. slapp raud chili
2 cm fersk ingefær
5 dl kyllingkraft (5 dl vatn + 1 stk. terning kyllingbuljong)
1 dl utgått fløte
1 dl utgått matyoghurt
Salt, pepar og sitron

Fres chili og ingefær i olje, og tilsett gulrøter og kraft. Kok dette til gulrøtene er møre. Køyr suppa i blender og smak til med krydder, fløte og yoghurt.

  • Brødkrutongar

2 stk. skalkar av gamalt brød
Salt, pepar og olivenolje

Skalkane delast i små bitar. Deretter ristar du dei i omnen på 220 °C til dei er sprø og har fått gylne kantar.

  • Kyllingbryst

2 stk. kyllingbryst
Salt, pepar og olje

Kyllingbrysta brunast og krydrast. Deretter set du kyllingen i omnen i cirka 10 minutt på 150 °C. La dei kvile før dei skjerast i skiver.

  • Anrett suppa med finsnitta vårløk og skiver av kylling. Toppast med ein god klatt matyoghurt.

Pytt i panne med salat og posjerte egg

Pytt i panne med salat og posjert egg
Foto: Kent Amar Eriksen/NRK

 

Grønsakrestar og egg utgått på dato kan bli ein god middagsrett. Egg er gode langt over anbefalt dato.

  • Pytt i panne

8 stk. mandelpoteter i skiver
½ stk. løk i terningar
2 stk. tomatar
Grønsaker frå forrige vekes middag. Vi brukte gulrot, blomkål og brokkoli.
4 skiver kjøtpålegg av ymse slag
Salat utgått på dato, smakt til med salt, pepar, sitron og olivenolje

Potetene steikast i olje til dei er gylne og møre. Smak til med salt og pepar, og tilsett kjøtpålegg, løk og diverse grønnsakrestar. Rett før servering tilsettast tomater i terningar. Smak til med salt, pepar og litt olivenolje

  • Posjerte egg

4 stk. egg utgått på dato
3 l kokende vatn i ein vid kjele tilsatt 2 ss eddik

Bruk ein visp for å få sirkulasjon i vatnet, legg i egga og la dei trekke i 2–3 minutt.

  • Anrett pytt i pannen med egget oppå. Serverast med salat og en dæsj rømme.

Multe- og kransekakekreasjon

Dessert FBI
Foto: Kent Amar Eriksen/NRK

 

Tørr kransekake treng ikkje vere dårleg kransekake.

5 stk. små ringar av tørr kransekake
1 stk. beger med utgått matyoghurt
3 dl utgått Piano vaniljesaus
1 glas multesyltetøy

Tips! Tørr kransekake blir som ny om den pakkast inn i plastpose ei lita stund med skiva rå potet.

Legg ei spiseskei med multesyltetøy i botnen av eit glas. Legg på bitar av tre av ringane med kransekake. Bland saman yoghurt og vaniljesaus, og legg lagvis med multesyltetøy og bitar av dei to gjenverende ringane med kransekake. Avslutt med kransekake på toppen.

Her er kokken sine tips til basisvarer som eit «møblert kjøkken» bør innehalde

Smakstilsetningar/oljer:

Smør, olivenolje, rapsolje, sesamolje
Salt (havsalt, flaksalt + vanlig)
Pepar
Sitron
Buljong
Sausar (soyasaus, tabasco, HP-saus, Worcestershire-saus og nokre asiatiske sauser)
Eddik (balsamico og kvitvinseddik)
Chili saus
Sennep (sterk og søt)
Ketchup
Krydder og urter

Hermetikk/tørrvarer:

Ris (basmatiris)
Pasta av ulike slag
Nudlar og couscous
Mjøl (kveitemjøl, maisennamjøl, potetmel)
Havregryn
Bakepulver og vaniljesukker
Sukker
Kaffe, te, kakao
Tomatpuré
Hermetiske tomatar
Gode oliven
Honning
Kokosmjølk
Curry paste

I kjøleskapet:

Egg
Ost (parmesan og ein hvit ost)
Rømme eller crème fraîche
Majones
Mjølk
Yoghurt naturell/matyoghurt

Grønsaker:

Løk
Potet
Gulrot
Paprika
Kvitløk

 

Denne saka er henta frå nrk.no med små endringar.