Saman tek vi vare på ressursane

Næringsavfall

SSR samlar inn avfall frå fleire ulike næringsaktørar på Ytre Søre Sunnmøre. Både store verft og små selskap brukar SSR som samarbeidspartnar på avfallshandtering. Det er stadig større krav som blir stilt i forhold til handtering av avfall frå næringsverksemd. SSR er ein av dei større akturane for næringskundar i kommunane Herøy, Hareid, Ulstein og Sande.

Ta kontakt på telefon 70 00 70 50  eller fyll inn skjema for pristilbod på renovasjonsløysing.
 

 

Bil 23

Fullmakt for levering på miljøstasjonen

Næringsaktørar kan også nytte miljøstasjonane våre. Om verksemda ønskjer faktura i staden for betaling på staden, må alle som leverer avfall på vegne av verksemda ha fullmakt.

Levering til SSR sine greinplassar:

Næring kan levere hage- og greinavfall på greinavfallsplassane på Mjølstadneset i Herøy og Eidet i Ulstein. Når Eidet er vinterstengd, er det mogleg å levere mindre mengder på miljøstasjonen i Saunesmarka.

NB: Når greinplassen på Eidet er vinterstengd, ber vi næringsaktørar ta kontakt med oss i forkant ved levering av store lass slik vi kan avtale leveringa og opne porten på Eidet.

Pris for levering:

Mengder inntil 250 kilo er definert som hushaldning og er kostnadsfritt (sortert gras, blad, greiner og stammar inntil 25 cm i diameter).

  • Lass over 250 kg med gras (sorterast for seg) og greiner inntil 25 cm i diameter, kr. 900,- pr. tonn.
  • Greiner/trestammar over 25 cm i diameter kr. 900,- pr. tonn.
  • Blanda hageavfall (frå fyrste kg) kr. 900,- tonn pr. tonn.
  • Vi ber næringskundar som har røter og gråmasse om å ta kontakt med ein entreprenør som kan ta hand om denne type avfall.

    Greinplassen på Eidet er open for næring mandag - torsdag 12.00-19.30 og fredag 08.00-15.00.
    Når greinplassen er vinterstengd, kan næring levere på miljøstasjonen i Saunesmarka. Ved større mengder hageavfall i vintersesongen, kan ein levere dette på Eidet greinplass etter avtale. Ta kontakt med Rune Tarberg på tlf. 70 00 70 50 / rune@reinhaldsverket.no.

    Det er no vekt på Eidet, og næring treng ikkje lengre å vege seg i Saunesmarka før dei kjem opp på Eidet
    .