Saman tek vi vare på ressursane

Ryddeaksjonar

jente som rydder strand

Strandrydding

SSR tek imot strandryddeavfall gratis gjennom heile året. For å kunne levere gratis:

1. Hent tileigna blanke sekkar og skjema på ein av våre miljøstasjonar eller på servicetorget i kommunen din.

2. Lever avfallet som du har rydda på ein av våre miljøstasjonar i opningstid. Saman med avfallet leverer du ferdig utfylt skjema. Skjema finn du også her.

3. SSR oppmodar også strandryddarar til å registerere aksjonen i Ryddeportalen (frivillig).

I høve den nasjonale strandryddedagen, laurdag 5. mai 2018, er det mogleg å bestille henting av strandryddeavfallet. Avfallet må då plasserast slik at ein stor krokbil kan kome til. Nær lett framkomeleg veg eller parkeringsplass. Det blir gjort sjekk på det innsamla avfallet for å sikre at det er marint avfall. Skjema for ryddeaksjonen skal leverast anten på e-post til linn@reinhaldsverket.no eller på kontoret i Saunesmarka. Det er også mogleg å bestille container ved store ryddeaksjonar.

Herøy og Sande - Henting mandag 7. mai 2018

Hareid og Ulstein - Henting tysdag 8. mai 2018

Bestilling av henting seinast onsdag 2. mai til Linn Urke Osnes på linn@reinhaldsverket.no eller 70007050.

Miljøstasjonen på Mjølstadneset i Herøy kommune er open 1200-1600 på Strandryddedagen, laurdag 5. mai. Her kan ein hente sekkar og levere marint avfall sjølve Strandryddedagen. Saunesmarka og Myklebustmyrane er stengt.

17. mai rydding

I år er ryddeperioden for 17. mai-rydding 21. april - 8. mai. I denne perioden kan ein levere ryddeavfall frå gater, vegar, fellesområde gratis til ein av SSR sine miljøstasjonar.

Det skal nyttast tileigna sekkar frå SSR (farga) til 17. mai-rydding. Desse kan du få på ein av våre miljøstasjonar samt på servicetorget i kommunen din i perioden.

Der det mogleg å bestille henting av ryddeavfallet om du ikkje har høve å levere det til ein miljøstasjon. Avfallet må då plasserast slik at ein stor krokbil kan kome til. Nær lett framkomeleg veg eller parkeringsplass. Det blir gjort sjekk på det innsamla avfallet for å sikre at det er ryddeavfall.

Herøy og Sande - Henting mandag 7. mai 2018

Hareid og Ulstein - Henting tysdag 8. mai 2018

Bestilling av henting seinast onsdag 2. mai til Linn Urke Osnes på linn@reinhaldsverket.no eller 70007050.

 

Takk for at du bidreg til eit betre miljø!

 

Strandryddedagen 2018

Strandryddedagen er i år laurdag 5. mai. Vi har ope på miljøstasjonen på Mjølstadneset klokka 1200-1600 denne dagen. Her kan de levere inn ryddeavfall og hente ryddesekkar.

Vi oppmodar om å hente ryddesekkar og skjema i forkant av Strandryddedagen. Strandryddesekkar og skjema finn du på ein av våre miljøstasjonar og på servicetorget i kommunen din gjennom heile året. Du finn også skjema her.

Planlegg du ein stor aksjon, er det mogleg å bestille container frå SSR. Det er også mogleg å bestille henting av strandryddeavfallet om du ikkje har høve å levere det til ein miljøstasjon. Sjå detaljar til venstre.

God Strandryddedag!

Strandryddedagen lokalt 2017

Det var eit enormt engasjement for å rydde strender i Hareid, Ulstein, Sande og Herøy i 2017 og det vart samla inn heile 29,74 tonn med marint avfall! Det er nesten seks gongar så mykje som året før.

Det er svært gledeleg at så mange bidreg i miljødugnaden og er med å rydde. SSR har registrert om lag 50 strandryddeaksjonar og i tillegg kjem fleire aksjonar som ikkje er registrert. Både privatpersonar, barnehagar, skular, verksemder, lag og organisasjonar har vore med på ryddedugnaden.

SSR takkar alle involverte for innsatsen og inviterer til ny dugnad våren 2018!

Grovavfall på Kvamsøy og Sandsøy

Kvar vår har vi innhenting av grovavfall på Kvamsøy og Sandsøy. Datoar og tidspunkt blir publisert i god tid både på nettsidene, Facebook og i Vestlandsnytt.

Hentedagar 2018:

Kvamsøy: Tysdag 24. april, tysdag 26. juni og tysdag 25. september.

Sandsøy: Onsdag 25. april, onsdag 27. juni og onsdag 26. september.