Saman tek vi vare på ressursane

Tilbod til barn og unge

Gutar med EE-avfall

SSR søker unge miljøheltar!

Barn og unge er framtida vår, og SSR er difor opptatt av å nå ut til flest mogleg skular og barnehagar i regionen vår.

Vi har stor kompetanse på miljøfaglege tema, og har i samarbeid med LOOP Miljøskule, spanande og engasjerande undervisningsopplegg om kjeldesortering, kva som skjer med avfallet og kva avfallet blir til.

Vi har eit breitt utval av aktivitetar og spel som engasjerer barn og unge til aktiv deltaking. Vi kjem med idéar til innhald og tilpassar opplegget til gruppa.
Ta kontakt med oss!

Telefon: 70007050

E-post: linn@reinhaldsverket.no

 

 

Miljøspel

Hokus Pokus Albert Åberg

Skjermdump. Illustrasjon av barn. Tekst Albert Åberg.
Lær kjeldesortering med Albert Åberg!

Bildelotto


Kor god er husken din? Finn to og to bilete som passar saman!

Bandet

Illustrasjon. Viser sorteringsband med ulike avfallsfraksjonar.
Legg avfallet i rett søppelbøtte. Kven kjem seg lengst? Det går fortare og fortare!

Huset - kven får flest rette?


Gå rundt i huset og finn avfall. Svar på spørsmål om avfallssortering! Kven har flest rette?

Sam Leren og kampen for regnskogen


Dra ut i regnskogen med Sam Leren og rydd opp i skulemjølkkartongar etter miljøsvina. På vegen må du også kjempe mot regnskogens mange fiendar.

Trond med hammer'n

Skjermdump. Viser teksten Trond Med Hammeren.
Trond med hammaren og borna har gått for dagen, men dei har visst glømd å rydde opp etter seg! Klarar du å rydde opp og sortere rotet deira rett?

SSR tilbyr:

  • Skreddarsydde opplegg for ulike aldersgrupper
  • Temahefter til ulike aldersgrupper
  • Teikneseriar
  • Klassekonkurransar
  • Musikkopplegg
  • Fysisk læringsspel
  • Papirfabrikk

Alt er gratis for barnehagane og skulane!

Linn Urke Osnes er kommunikasjonsansvarleg i SSR og tek gjerne imot barnehagar og skuleklasser på SSR sine anlegg! Vi kjem elles gjerne på besøk til skulen eller barnehagen med eit skreddarsydd opplegg. Ta kontakt med Linn på 70007050 eller firmapost@reinhaldsverket.no

barne som leikar kjeldesorteringsstafett
4. klassetrinn Ulsteinvik barneskule på besøk i vekta

Avfallspyramiden - mykje kulare enn tavle!

 

Avfallspyramiden

Avfallspyramiden er no tilrettelagt både for barne -og ungdomstrinnet. Den digitale avfallspyramiden er ein god inngangsport til ein rekkje miljørelaterte tema.

Avfallspyramiden er tilgjengeleg og gratis for alle på www.avfallspyramiden.no.

Filmar og videoar

På Loop.no kan du finne mange gode filmar og videoar som handlar om mellom anna miljø og kjeldesortering.

Pantelandet from LOOP Norge on Vimeo.

Sjå alle filmane og videoane her.