Saman tek vi vare på ressursane

Avfallsreduksjon

Det fremste målet i avfallspolitikken er å redusere avfallsmengda, og sikre at veksten i avfallsmengda er lågare enn den økonomiske veksten. Dette er sjølvsagt også det mest utfordrande målet, då vi i Noreg stadig blir rikare og har meir pengar å kjøpe varer for. I vårt område kasta kvar enkelt person i gjennomsnitt 423,24 kilo avfall i 2015.

Korleis kan du bidra til avfallsreduksjon?

  • Kjøp mindre. Treng du den nyaste utgåva? Om du lèt vere å kjøpe noko du eigentleg ikkje treng, reduserer du også emballasjen du ville fått med. Må ein kjøpe nytt, tenk kvalitet og at det skal vare i tid framover slik at ein unngår å kjøpe noko som blir øydelagt kort tid etter innkjøp/bruk.
  • Kjøp brukt. Om noko blir øydelagt og ikkje kan reparerast, kanskje kan du finne erstattinga på ein bruktbutikk? Eller på Finn.no, brukt-appar, annonsar i avisa og i Facebook-grupper.
  • Bruk om att. Tingen din verkar kanskje ikkje lenger til den oppgåva den var laga for å gjere, men kanskje kan den gjere nytte ein anna stad? Kanskje treng dei gamle kjøkenfrontane berre eit lag måling eller nokre nye handtak?
  • Gi vekk eller sel. Det du ikkje lenger treng, kan vere ein skatt for nokon andre! Gi vekk eller sel i avisa, på nettet eller via Facebookgrupper for å hindre at ting endar som avfall når det kan ha nytte for andre! Snakk med bruktbutikkane om dei har lyst til å ta inn det du sjølv ikkje lenger treng.
  • Et opp maten din. Planlegg innkjøp slik at du ikkje kjøper meir enn du faktisk treng. Lukt og smak på maten i staden for å alltid følge datomerkinga. Best før betyr ikkje dårleg etter! Lag god restemat av middagsrestane, mat du har liggande i kjøleskapet og dagsgamalt brød. Sjå matvett.no for tips til korleis du kan lage god restemat.

Avfallspyramiden

 

Pyramiden les du frå topp til botn. Målet er at avfallet skal behandlast så nær toppen av pyramiden som mogeleg. Hierarkiet har fem lag: avfallsreduksjon, ombruk, materialgjenvinning, energiutnytting og deponering.

Ombruk

Mål nummer to i avfallspolitikken er å bruke ting om igjen framfor å kaste dei. For den vanlege forbrukaren er gjenbruk, miljømerking og reparasjon viktige stikkord.

Materialgjenvinning

Å materialgjenvinne betyr å gjenvinne avfallet slik at dei ulike materiala kan brukast som råvarer i produksjon av nye produkt. Ei cornflakes-øskje kan til dømes bli til ei ny cornflakes-øskje, og eit yogurtbeger kan bli til ein kleshengar. Avfallet vi kastar er viktige råvarer i produksjon av nye produkt. Ved å kjeldesortere avfallet vårt, sørgjer vi for at ressursane inngår i eit krinsløp. Dermed blir behovet for å hente ut nye naturressursar redusert. I tillegg er det slik at råstoff som laga av avfall, brukar mindre energi i produksjonen enn kva nyutvunne råstoff gjer.

Forbrukarne kan kjeldesortere avfall heime, på skulen og på arbeidsplassen. Kjeldesorteringa er verktøyet som gjer det mogleg å bruke materialet fleire gonger.  

Energiutnytting

Når avfallet blir brent og varmen skaper varmt vatn og straum, snakkar vi om forbrenning med energiutnytting. Energiutnytting av restavfall erstattar bruk av elektrisitet, olje og gass til oppvarming og gjer at helse- og miljøskadelege stoff blir tekne ut av kretsløpet. Sjølv for avfall med lågt energiinnhald er energiutnytting meir miljøvenleg enn deponering, då deponering vil medføre større utslepp av klimagassar.

Dei seinare åra har det blitt etablert fleire anlegg for produksjon av biogass basert på matavfall frå forbrukarane. Biogass kan nyttast som drivstoff i køyretøy, oppvarming eller elektrisitet. Auka utbygging av anlegg for biologisk behandling har skjedd blant anna som ein følge av auka etterspørsel etter biogass og innskjerpa krav frå myndigheitene. Forbodet mot deponering av biologisk nedbrytbart avfall er eit eksempel på slike innskjerpa krav.

Gjenvinning er ei samlenemning for både materialgjenvinning og energiutnytting. Det er eit ønskje frå myndigheitene at meir avfall skal gjenvinnast.

Deponering

Å deponere avfall vil seie å gi det ei forsvarleg sluttbehandling. Søppelfyllingar, no kalla deponi, var lenge den vanlegaste måten å kvitte seg med avfall på. Frå 1. juli 2009 blei det innført eit forbod mot deponering av nedbrytbart avfall i Noreg. Det betyr at alt avfall som inneheld biologisk nedbrytbart avfall som tildømes restavfall, hageavfall, papir, kartong og trevirke ikkje lenger kan deponerast (enkelte kommunar hadde dispensasjon fram til 2012). Avfall som rotnar i deponi, stod tidlegare for omtrent 2,5 prosent av norske klimagassutslepp. Utlekking av miljøgift, luktplager, smittefare, skadedyr, forsøpling, støy og bandlegging av areal er andre negative sider ved deponering.

barneføter i graset

Dette bør du vite om holdbarheit på mat:

  • Alle meieriprodukt er merket med «best før» og held ofte i fleire veker etter at datoen er passert. Disse kan du smake på uten at det er farleg, for å sjekke kvaliteten.
  • Ost held seg som regel mykje lenger enn holdbarheitsdatoen og blir ofte bedre. Nokon lagrar edamerosten eit år, frå jul til jul. Mugg på hard ost kan skjerast vekk, på mjukare ostar og smøreostar bør osten derimot kastast om den er muggen.
  • Heile brød som ikkje er ferske kan du ha litt vatn på og legge i varm ovn i nokre minutt – og brødet blir så godt som «nytt». Muggent brød bør du derimot kaste.
  • Slappe grønsaker og salat blir sprø og fine etter eit kaldt vannbad.
  • Mykje kjøt held lenge hvis du oppbevarer det kaldt og tett, men det er forskjell. Oksekjøt blir berre betre og mørare når utløpsdatoen nærmar seg, men pass på fargen; kjøtet blir gråbrunt og konsistensen blir slimete når prosessen har gått for langt, og svinekjøt blir mørkare i fargen. Kjøtet skal ikkje ha søtleg emmen lukt.
  • Kylling er lettbedervelig. Kjøtt som luktar surt skal ikkje etast! Hugs at vakuumpakka mat luktar når du opnar uansett, pga. gasstilførsel under pakking, men lukta avtek raskt når kjøtet er spiseleg. Kjøtdeig, kjøt i terningar og strimla kjøt av kylling og svin skal alltid gjennomsteikast. På heile kjøtstykker av storfe, får og vilt er det nok at overflata steikast godt, for det er der bakteriane er.

Kjelde: matvett.no

best før stempling kjøtpålegg