Saman tek vi vare på ressursane

Innsamling av avfall

SSR samlar inn hushaldningsavfallet i Hareid, Herøy, Sande og Ulstein.


Vi samlar inn tre typar avfall:

  • Restavfall i grøn dunk
  • Papp/papir i blå dunk
  • Plastemballasje i gjennomsiktig plastsekk

Vil du levere isopor (EPS), må dette i ein eigen knytt gjennomsiktig plastsekk uten andre plasttypar. Du kan lese meir om dei ulike avfallstypane her.

Vi hentar alle tre avfallstypane på same dag kvar 14. dag. Sjå her for soner og hentedagar. Alle husstandar har og fått ein kjeldesorteringskalender i posten med oversikt over når avfallet blir henta. Har du ikkje fått ein, ta kontakt med oss så sender vi ein til deg.

Hugs å sette fram dunken innan kl 07.30 på hentedag. Sekken for plastemballasje må knytast godt igjen. Det er ditt ansvar å sikre dunken slik at avfall ikkje kjem på avveie. Treng du fleire sekkar til plastemballasje, kan du bestille det her. Treng du ekstrasekkar for restavfall, finn du meir informasjon om det her.

Når vi kjeldesorterer tek vi vare på ressursane i avfallet! Smarte løysningar for å kome i gong med kjeldesortering på ditt eige kjøken finn du her.

renovatør Solveig

SMS-varsling

Ønskjer du ei påminning om avfallstøming kvelden før hentedagen din?

Meld deg på vår SMS- teneste:
send SORTERE <sonenummer> til 1963 (kr 2,-. pr. melding)

Ved å melde deg på tenesta seier du ja til å motta SMS frå oss med anna viktig informasjon (kr 0,-).

Ønskjer du å melde deg ut av tenesta:
Send SORTERE STOPP til 1963

Appen Min Renovasjon

Min Renovasjon er ein app laga for smarttelefonar. Appen viser tømekalender, sorteringstips, returpunkt og miljøstasjonane. Ein kan også legge inn varsling for å få ei påminning dagen før slik at ein hugsar å sette ut dunken.

Appen er laga av Norkart, og inneheld fleire kommunar i Noreg, blant anna dei fire kommunene til SSR IKS, Hareid, Herøy, Sande og Ulsteinvik.

Bruksanvisning finn du her.

Appen er gratis, og for å laste ned appen, gå til Google Play (Android) eller App Store (iPhone, iPad) ved å trykke på desse knappane under:

Illustrasjon. Svart firkant med tekst Android App På Google Play. Illustrasjon. Svart bakgrunn med kvit tekst, Last ned fra App Store.

plastsekk mellom dunkar

JA

Sett dunkane med handtaket ut mot vegen der det er mogleg. Press gjerne plastemballasjesekken mellom dunkane for å sikre mot vêr og vind.

plastemballasjesekk i dunk

JA

Plasser gjerne plastemballasjesekken i papirdunken. Hugs å knyte sekken godt!

Fastknytt sekk i dunk

NEI

Ikkje knyt plasemballasjesekken fast i dunken.